Nytt kurs for taubanedrift

Etter initiativ frå Norsk Taubanelag og i samar­beid med Skognæringa Kyst, har Skogkurs laga eit økonomi­kurs for taubane­drift. Kurset vil vere tilgjen­geleg på nyåret 2027.

Tekst: Helge Kårstad, Kystskogbruket
Foto: Jonas Kristoffersen


Bildetekst: Ein viktig dag for norsk taubane­miljø. Presentasjon av økonomi­kurset for taubane­drift i SKOGKURS sine lokaler i Brumunddal forrige veka. F.v. admi­ni­stre­rende direktør Eva Skagestad, faggruppe­leder for drifts­tek­nikk, infra­struktur og økonomi Dag Fjeld, sekretær i Norsk Taubanelag Helge Kårstad og faggruppe­leder for peda­go­gikk, kommu­ni­ka­sjon og IT ved Skogkurs, Ragnhild Kjeldsen.

Ei dobling av taubane­ka­pa­si­teten i landet 

Som kjent har Norsk Taubanelag enga­sjert seg mykje dei siste åra for å legge til rette for skog­drift i bratt terreng ved hjelp av taubane. Både virke­kjø­pa­rane i landet og skog­av­de­lin­gane hos stats­for­val­ta­rane i alle fylka er sentrale medspe­larar. Det vart tidleg etter­spurt eit eige kurs for bedrifts­etab­le­ring med fokus på økonomi. I 2025 vart det etab­lert heile 8 nye taubanelag eller minst ei dobling av taubane­ka­pa­si­teten i norske skogar. Trongen for eit økonomi­kurs vart følgjeleg brått stor.

Sterk støtte for utvik­ling av økonomikurset

Utvikling av denne kurs­pakka hos SKOGKURS er støtta av Skogbrukets Verdiskapingsfond (ca. 43%) og fylkes­inn­trekte rente­midlar frå  alle fylka i landet (totalt ca. 57%).
Mannskapsskifte ved SKOGKURS har ført til at utvik­ling av økonomi­kurset vart noko utsett i tid, men kurset vil no vere klar til bruk på nyåret 2027. Dag Fjeld har vore sentral ved utvik­ling og ferdig­stil­ling  av kurs­pakka.
Økonomikurset er eit kurs over 9 timar, fordelt på 2 dagar. Første dagen er ei 7 timar fysisk samling og andre dagen 2 timers digital oppføl­gjing. Det er retta mot tauba­ne­en­tre­pre­nørar og personar som arbeider med taubane i bratt skogster­reng, skog­bruks­leiarar og tilsette i offentleg skogforvaltning,

Ei skånsom drifts­form i skogsterrenget

Leiar i Norsk Taubanelag, Torbjørn Frivik, har lang erfa­ring i taubane­bran­sjen. Han meiner at dette kurset bør alle som er enga­sjert i taubane­drift på ulike nivå gjen­nom­føre. Planlegging og økono­misk innsikt er nøkkel­fak­torar for å få taubane­drifter til å løne seg over tid held Frivik fram.

Vi vil legge til at ei drifts­form ved hjelp av taubane blir sett på som bere­kraftig, m.a. svært nyttig ved vind­fall i bratt terreng og skånsam mot fysiske inngrep i skogster­renget. Vi vil nok også seie at taubane­drift totalt sett er meir krev­jande å gjen­nom­føre enn andre drifts­former i skog­bruket, og utford­rin­gane er mange. Fokus på økonomi kan vere avgjerande.

ARKIV

FAGOMRÅDER